Vi søker VVS - Energi og miljø-rådgjevarar

Vi har lang og brei erfaring innan energi- og berekraft-tenester. Vi ønsker i den forbindelse styrke vår stab med fleire tilsette for å dekke aukande etterspørsel innan desse tenestene.

Stillingsinformasjon

  • Arbeidsgiver: Enøk-senteret AS
  • Stillingstittel: VVS - Energi og miljø-rådgjevarar
  • Ansettelsesform: Fast
  • Arbeidssted: Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Vågå
  • Søknadsfrist: 07.04.2021
  • Nettside: www.enok-senteret.no

Enøk-senteret AS er eit rådgjevingsfirma med solid tverrfagleg kompetanse innan effektiv og miljøfokusert energibruk. Vi er engasjert i mange typer prosjekt innan bygg – industri – transport og marine næringar rundt i landet. Vi er 7 tilsette som samla dekker dei tekniske faga.

Som ein del av Nordplan konsernet, samarbeider vi tett med over 50 dyktige tilsette.
Enøk-senteret AS er samlokalisert med Nordplan i Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid og Vågå.


VVS - Energi og miljø-rådgjevarar
Vårt ønske er å få inn kompetanse innan VVS, Energi og miljø, Kjøl/frys, Elektro/Automasjon som ønskjer jobbe saman med vårt tverrfaglege team.

Er Du denne framoverlente og initiativrike personen, kan vi glede deg med ein varierande og spanande arbeidsplass. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor – og du får stor påverknad på både utvikling tenestar, prosessar og prosjekt.

Du er fagleg sterk, sjølvgåande og ansvarleg. Du arbeider godt og effektivt på eiga hand, men set pris på å ta del i og bidra i eit tverrfagleg og triveleg fagmiljø – og deler Enøk-senteret sitt mål om å kunne levere berekraftige løysingar for våre kundar.

Arbeidsstad for stillinga er i Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Vågå.

Søknad og CV sender du til paulrune@enok-senteret.no

Powered by Labrador CMS