Sivilingeniør/ingeniør - VVS

Søknadsfrist: 20. februar

Stillingsinformasjon

  • Arbeidsgiver: Enøk-senteret AS
  • Stillingstittel: Sivilingeniør/ingeniør - VVS
  • Ansettelsesform: Fast
  • Arbeidssted: Ålesund eller Ørsta. Nordfjordeid, Førde eller Vågå
  • Søknadsfrist: 20. februar
  • Nettside: https://www.enok-senteret.no/

Enøk-senteret AS er eit rådgjevingsfirma med solid tverrfagleg kompetanse innan effektiv energibruk. Vi er engasjert i mange typar prosjekt innan bygg – industri – transport og marine næringar i landet. Vi er 7 tilsette som samla dekker dei tekniske faga.

Enøk-senteret er ein del av Nordplan konsernet. Samla er vi over 70 dyktige tilsette. Vi er i vekst og har behov for fleire flinke folk.

Vi er samlokalisert med Nordplan i Ørsta, Ålesund og Vågå.

Vi har lang og brei erfaring innan energi- og berekraft-tenester. Vi ønsker i den forbindelse å styrke vår stab med fleire tilsette for å dekke aukande etterspørsel.

VVS – Sivilingeniør/ingeniør

VVS er sentralt i dei fleste næringar vi jobbar med. Vi treng difor ein medarbeidar med solid erfaring innan faget.

Er Du denne framoverlente og initiativrike personen kan du sjå fram til ein spanande arbeidsplass med varierte oppgåver. Du får stor påverknad på utvikling av VVS-tenester, prosessar og prosjekt.

Du er fagleg sterk, sjølvgåande og ansvarleg. Du arbeider godt og effektivt på eiga hand, men set pris på å ta del i og bidra i eit tverrfagleg og triveleg fagmiljø – og du deler Enøk-senteret sitt mål om å levere berekraftige løysingar.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Energirådgiving
  • Prosjektering av VVS anlegg
  • Berekning og dimensjonering av VVS-tekniske anlegg
  • Utarbeiding av tilbodsgrunnlag for VVS-tekniske fag
  • Teknisk byggjeleiing
  • Bidra til faglege utvikling i bedrifta

Ønska kvalifikasjonar

  • Ønska kvalifikasjonar

  • Minimum 5 års erfaring frå VVS-prosjektering, kalkylar og tekniske beskrivingar
  • Utdanning med Bachelor eller Master innan VVS
  • Erfaring med 3D-modellering og BIM, gjerne med Revit som prosjekteringsverktøy
  • Erfaring med relevant programvare for dimensjonering

Vi ønsker dessutan at:

  • du er sjølvstendig, initiativrik, kreativ og løysingsorientert
  • du har gode samarbeidsevner og tverrfagleg forståing
  • du er god i norsk både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Variert og fagleg utfordrande kvardag
  • Gode lønns- og arbeidsforhold
  • Godt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåvene vil i stor grad bli tilpassa kompetanse, interesse og erfaring.

Arbeidsstad for stillinga er fortrinnsvis i Ålesund eller Ørsta. Nordfjordeid, Førde eller Vågå kan også vere aktuelle.

Fleire opplysningar om stillinga får du hjå dagleg leiar Paul Rune Ingebrigtsen

på tlf. 98 25 90 13 eller e-post: paulrune@enok-senteret.no

Søknadsfrist er 20. februar

Søknad og CV sender du til paulrune@enok-senteret.no

Nysgjerrig på Enøk-senteret? https://www.enok-senteret.no/

Powered by Labrador CMS